Samarbeid skule - næringsliv

Forsida

Nyhende Kurs  Møteplass KVV Medlems-bedrifter For styret Kontakt oss Lenkjer 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Prosjektansvarleg:
Tor Bringedal, SØRAL

Prosjektleiar:
Brynjulf Lie, KVV

Telefon: 53 47 57 24
Mobil: 917 94 924
E-post: brylie@hfk.no

 

 

 

Hovudprosjektet let venta på seg?
Det ser ut til at dei formelle vedtaka om å starta opp hovudprosjektet kjem noko seinare enn venta. Endelege vedtak kan ikkje ventast før medio februar 2008. Men prosjektet går vidare likevel! "Alle" meiner at prosjektet skal vidareførast. Vi kjem snart ut med nye heimesider, og nye kurstilbod.

Følg med!

Vellukka næringslivsdag!
28. november vart det arrangert næringslivsdag ved KVV. Dagen starta med felles frokost for alle elevar og lærarar. Deretter var det samling i kinosalen, der fleire lokale personar bidrog med gode innlegg. Kulturskulen og russerevyen deltok med innslag.
Seinare på dagen var det yrkesmesse i Idrettshallen, med mange utstillarar. I kantina orienterte elevar om satsinga på elevbedrifter og ungt entreprenørskap.
I det heile ein innhaldsrik og spanande dag for alle!

Prosjektet har levert ein sluttrapport!

Den 24. oktober vedtok styringsgruppa ein sluttrapport for forprosjektet. I same møtet vart ein søknad om hovudprosjekt dei 3 neste åra vedteken.

Det er no opp til Arbeidsgruppa for  kompensasjonsmidlane å avgjera om prosjektet skal førast vidare, og i kva omfang.

I løpet av januar 2008 vil dette truleg vera avklara.